Rett hjelp til rett tid
- samhandlingsmodell for utsette barn og unge
Tenestenivå
Individnivå
Rett førebygging kan gi store gevinstar i arbeidet vårt for barne og unge som har eit kvart dei strevar med.
Sveio kommune har derfor utarbeidd ein samhandlingsmodell som skal hjelpa oss med å sikra tidleg identifikasjon og koordinert oppfølging av målgruppa på tvers av tenester og nivå.
Samhandlingsmodellen synleggjer mellom anna korleis planar, rutinar, møtearenaer og tiltak på dei ulike nivåa i kommunen sikrar at utsette barn får rett hjelp til rett tid.
Vidare hjelper modellen Sveio kommune i arbeidet med å:
- 1Utvikla verktøya me har for å bli merksame på og følgja opp barn og familiar som har behov for hjelp
- 2Styrka det tverrfaglege samarbeidet på tvers av tenester og nivå
- 3Auka kunnskapen til våre i tilsette i arbeidet med utsette barn
- 4Styrka brukarmedverknaden til barn og føresette
Samhandlingsmodellen er delt i tre nivå:
Kommunenivå, tenestenivå, individnivå.