Samarbeid og samhandlingsavtalar

Sveio kommune sitt verdigrunnlag skal liggje til grunn for alt arbeid. Verdigrunnlaget skal gjenspegle Sveio kommune sin visjon: Vilje til vekst – ein god stad å bu.

Vèr: Uredd, Raus , Open,  Lojal

I Sveio kommune:

  • leverer me tenester av god kvalitet. Kommunen skal gje eit differensiert og tilpassa tenestetilbod i tråd med sentrale overordna føringar
  • arbeider alle tilsette for at Sveio kommune er ein god servicekommune
  • er alle tilsette fleksible og handlar saman på tvers av faggrenser og einingar
  • verdsett leiarar ulik kompetanse og styrkar den faglege kompetansen hjå dei tilsette
  • arbeider alle tilsette aktivt for eit godt arbeidsmiljø
  • har alle tilsette eit miljøansvar

Rådmannen har eit overordna administrativt leiaransvar for den kommunale verksemda. Kommunestyret har det øvste tilsynet med at rådmannen utfører dei oppgåver som er pålagt. Kontrollutvalet har det løpande tilsynet. For å sikre utvikling og samhandling har rådmannen si leiargruppe fast samarbeidstid vekentleg og einingsleiarane vert innkalla til leiarmøte månadleg.

Sveio kommune har ulike samhandlingsavtalar mellom teneste i kommunen som jobbar med barn og unge.

Ein har i tillegg interkommunale tenester med kommunane Haugesund/Utsira og Sunnhordlandskommunane.

  • Interkommunalt PPT med  og Utsira kommune
  • Helse Fonna BUP
  • Familievernkontor
  • Krisesenter Vest IKS 
  • SAPT
  • StatPed