Tverrfagleg samarbeid

Gjennom tverrfaglig samhandling får tenestene betre og gjensidig forståing og oversikt over kvarandre sine oppgåver og blir betre til å koordinere innsats og ansvar slik at oppfølginga blir meir heilhetleg og samanhengande.

Samhandlingsrutinar

Rutinar for samhandling er viktig, og ein har i kommunen utarbeidd rutinar for korleis ein skal gjere dette:

  1. Samhandling med føresette, sjå NIVÅ 0 i BTI rettleiaren.
  2. Samhandling med føresette og andre involverte tenester, sjå NIVÅ 2 og NIVÅ 3 i BTI rettleiaren.

Her finn du lenke til samtykkeskjema for deling av informasjon. Me har også ein rettleiar for samtykke om ein treng meir informasjon kring lovar og reglar for samtykke og signering av samtykke. Her må ein vere bevisste kven som er foreldre med foreldreansvar når ein får eit samtykke frå føresette.

Når ein skal samhandle med andre tenester skal ein kalle inn til eit nettverksmøte, og ein har ein mal for kva for informasjon som skal følgje ei slik innkalling. Du finn også nyttige tips til gjennomføring av eit nettverksmøte her. Skulane har faste nettverksmøter for å samhandle om utfordringar i elevsakar.

Helsestasjonstenesta – samhandlingsavtalar

Helsestasjonstenesta har ulike samhandlingsavtalar med andre tenester i kommunen.

  • Fysioterapitenesta
  • Tannhelsetenesta
  • Barnevernstenesta
  • Koordinerande eining
  • Barnehage og skule
  • Psykisk helse
  • Fastlegane
  • NAV

Desse avtalane seie noko om korleis ein skal samhandla og kven som er ansvarleg for kva kring barn og unge i kommunen. Avtalane ligg i kvar eining.